Lukas 24:38-47 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

38. Men han sa til dei: «Kvifor er de så redde, og kvifor vaknar det tvil i dykk?

39. Sjå hendene og føtene mine; det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.»

40. Så synte han dei hendene og føtene sine.

41. Då dei endå ikkje kunne tru for glede, men berre undra seg, sa han: «Har de noko etande her?»

42. Dei gav han eit stykke steikt fisk,

43. og han tok det og åt medan dei såg på.

44. Så sa han til dei: «Dette var det eg tala til dykk om medan eg endå var i lag med dykk, at det måtte oppfyllast, alt det som er skrive om meg i Moselova, hjå profetane og i Salmane.»

45. Så opna han for tankane deira, så dei kunne skjøna skriftene,

46. og sa til dei: «Så står det skrive: Kristus skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen,

47. og i hans namn skal omvending og syndsforlating forkynnast for alle folkeslag; de skal ta til i Jerusalem.

Lukas 24