Lukas 24:27-43 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

27. Så tok han til å leggja ut for dei det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hjå alle profetane.

28. Då dei kom bort imot den landsbyen dei skulle til, lest han vilja gå lenger.

29. Men dei nøydde han og sa: «Ver hjå oss! Det lid mot kveld, og dagen hallar.» Då gjekk han inn og gav seg til hjå dei.

30. Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei.

31. Då vart augo deira opna, og dei kjende han att; men han vart usynleg for dei.

32. Då sa dei til einannan: «Brann ikkje hjarto våre i oss då han tala til oss på vegen og lét opp skriftene for oss?»

33. Og dei tok ut med ein gong og gjekk attende til Jerusalem. Der fann dei alle elleve og venene deira samla,

34. og desse sa: «Herren er sanneleg oppstaden og har synt seg for Simon.»

35. Då fortalde dei to om det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent han att då han braut brødet.

36. Medan dei tala om dette, stod Jesus midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!»

37. Dei stokk til og vart redde, for dei trudde det var ei ånd dei såg.

38. Men han sa til dei: «Kvifor er de så redde, og kvifor vaknar det tvil i dykk?

39. Sjå hendene og føtene mine; det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.»

40. Så synte han dei hendene og føtene sine.

41. Då dei endå ikkje kunne tru for glede, men berre undra seg, sa han: «Har de noko etande her?»

42. Dei gav han eit stykke steikt fisk,

43. og han tok det og åt medan dei såg på.

Lukas 24