Lukas 24:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Fyrste dagen i veka, tidleg i otta, kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde laga til.

2. Då fekk dei sjå at steinen var velt ifrå grava;

3. dei gjekk inn, men fann ikkje lekamen åt Herren Jesus.

4. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men brått stod det to menn hjå dei i skinande klede.

5. Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde?

6. Han er ikkje her, han er oppstaden. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea:

7. Menneskesonen skal gjevast i hendene på syndige menneske og krossfestast, og tredje dagen skal han stå opp att.»

8. Då kom dei i hug orda hans.

9. Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre.

10. Det var Maria Magdalena, Johanna og Maria, mor til Jakob, som saman med dei andre kvinnene fortalde dette til apostlane.

Lukas 24