Lukas 23:35-46 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

35. Folket stod og såg på, men rådsherrane spotta han: «Andre har han frelst,» sa dei, «lat han no frelsa seg sjølv, dersom han er Guds Messias, den utvalde.»

36. Soldatane òg gjorde narr av han; dei gav han eddikvin

37. og sa: «Er du kongen over jødane, så frels deg sjølv!»

38. For det var sett ei innskrift over han: «Dette er kongen over jødane.»

39. Den eine av brotsmennene som hang der, spotta han og sa: «Er ikkje du Messias? Frels deg sjølv og oss!»

40. Men den andre tala han til rettes og sa: «Har du ikkje age for Gud, endå du er under same domen?

41. For oss er han rettferdig; vi får berre att for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko urett.»

42. «Jesus,» sa han, «kom meg i hug når du kjem i ditt rike!»

43. Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg deg: I dag skal du vera med meg i Paradis.»

44. Det var alt kring den sjette timen. Då vart det mørkt over heile landet, og mørkret låg til den niande timen;

45. for sola hadde svartna. Førehenget i templet rivna midt i to,

46. og Jesus ropa med høg røyst: «Far, i dine hender gjev eg mi ånd!» Då han hadde sagt det, anda han ut.

Lukas 23