28. Men Jesus snudde seg til dei og sa: «Jerusalems døtrer! Gråt ikkje over meg, men gråt over dykk sjølve og borna dykkar.
29. For det kjem dagar då folk skal seia: Lukkelege er dei barnlause, dei kvinner som ikkje føder og ikkje gjev bryst!
30. Då skal dei seia til fjella: Fall over oss! og til haugane: Gøym oss!
31. For fer dei slik åt med det grøne treet, korleis skal det då gå med det turre?»
32. To andre, to brotsmenn, vart òg førte bort saman med Jesus og skulle lata livet.
33. Og då dei kom til den staden som heiter Hovudskallen, krossfeste dei både han og brotsmennene, den eine på høgre sida hans, og den andre på venstre.
34. Men Jesus sa: «Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.» Så kasta dei lodd om kleda hans og delte dei mellom seg.
35. Folket stod og såg på, men rådsherrane spotta han: «Andre har han frelst,» sa dei, «lat han no frelsa seg sjølv, dersom han er Guds Messias, den utvalde.»
36. Soldatane òg gjorde narr av han; dei gav han eddikvin
37. og sa: «Er du kongen over jødane, så frels deg sjølv!»
38. For det var sett ei innskrift over han: «Dette er kongen over jødane.»
39. Den eine av brotsmennene som hang der, spotta han og sa: «Er ikkje du Messias? Frels deg sjølv og oss!»