14. og sa til dei: «De har ført denne mannen fram for meg og sagt at han eggjar opp folket. No har eg spurt han ut medan de høyrde på, og eg har ikkje funne han skuldig i noko av det de klagar han for.
15. Det har ikkje Herodes heller, for han har sendt han attende til oss. Han har såleis ikkje gjort noko som han skulle lata livet for.
16. Difor vil eg la han piska, og så setja han fri.»
17. Men han laut gje dei ein fange fri til høgtida.
18. Då ropa dei alle som ein: «Bort med han! Gjev oss Barabbas fri!»
19. Barabbas var ein mann som sat fengsla for opprør i byen og for mord.
20. Atter tala Pilatus til dei, for han ville gjerne gje Jesus fri.
21. Men dei ropa imot han: «Krossfest! Krossfest han!»
22. Då tok han ordet tredje gongen: «Kva vondt har han då gjort? Eg har ikkje funne han skuldig i noko som kan straffast med døden. Eg lèt han piska, og så gjev eg han fri.»
23. Men dei gjekk hardt inn på han. Med høge rop kravde dei at Jesus skulle krossfestast, og skriket deira fekk overtaket.