Lukas 22:7-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Så kom den dagen i usyrdebrødshelga då påskelammet skulle slaktast.

8. Då sende Jesus Peter og Johannes i veg og sa: «Gå og stell til for oss, så vi kan halda påskemåltid.»

9. «Kvar vil du vi skal stella det til?» spurde dei.

10. Han svara: «Når de kjem inn i byen, møter de ein mann som ber ei krukke med vatn. Han skal de fylgja til det huset han går inn i,

11. og så skal de seia til han som eig huset: Meisteren spør: Kvar er romet der eg kan halda påskemåltid saman med læresveinane mine?

12. Då skal han syna dykk ein sal ovanpå med benker og puter. Der skal de stella til.»

13. Så gjekk dei og fann det så som han hadde sagt, og dei stelte til påskemåltidet.

14. Då tida kom, sette Jesus seg til bords, og apostlane med han.

15. Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemålet i lag med dykk, før eg skal lida.

16. For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta det før det har fått si fullending i Guds rike.»

17. Så tok han ein kalk, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk.

18. For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.»

Lukas 22