Lukas 22:41-61 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

41. Han gjekk frå dei, så langt som eit steinkast, og la seg på kne og bad:

42. «Far, om du vil, så ta denne skåla frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!»

43. Då synte ein engel frå himmelen seg for han og styrkte han.

44. Og han kom i dødsangst og bad endå meir inderleg; og sveitten hans vart som bloddropar, som fall på jorda.

45. Då han reiste seg etter bøna og kom attende til læresveinane, fann han dei sovande, fulle av sorg.

46. «Korleis kan de sova?» sa han. «Reis dykk, og bed at de ikkje må koma i freisting!»

47. Før han hadde tala ut, kom det ein stor flokk, og han som heitte Judas, ein av dei tolv, gjekk føre. Han kom bort til Jesus og ville kyssa han.

48. Då sa Jesus: «Judas, svik du Menneskesonen med ein kyss?»

49. Dei som var med Jesus, skjøna korleis det kom til å gå, og spurde: «Herre, skal vi slå til med sverd?»

50. Og ein av dei hogg etter tenaren åt øvstepresten og sneidde av han høgre øyra.

51. Men Jesus sa: «Lat vera med det!» Og han tok bort på øyra åt tenaren og lækte han.

52. Så sa han til overprestane og hovdingane for tempelvakta og dei eldste, dei som var komne og ville gripa han: «De kjem med sverd og stokkar som om eg var ein røvar.

53. Dag etter dag var eg saman med dykk på tempelplassen; då la de ikkje hand på meg. Men dette er dykkar time, no er det mørkret som rår.»

54. Då tok dei han og førte han til huset åt øvstepresten. Peter fylgde etter eit langt stykke unna.

55. Midt inne på gardsplassen hadde dei gjort opp ein eld, og Peter slo seg ned mellom dei som sat der.

56. Medan han sat der i ljoset, fekk ei tenestjente sjå han; ho stirte på han og sa: «Han der var òg med han.»

57. Men Peter nekta og sa: «Eg kjenner han ikkje, kvinne!»

58. Litt etter la ein annan merke til han og sa: «Du òg er ein av dei.» «Nei, det er eg ikkje,» svara Peter.

59. Men ein times tid etter var det ein til som slo fast: «Jau visst var denne mannen òg med han! Han er då galilear.»

60. Men Peter sa: «Eg skjønar ikkje kva du snakkar om, mann!» I det same, før han hadde tala ut, gol hanen.

61. Då vende Herren seg og såg på Peter; og Peter kom i hug det Herren hadde sagt til han: «Før hanen gjel i natt, skal du fornekta meg tre gonger.»

Lukas 22