Lukas 2:35-40 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

35. Såleis skal dei tankar mange hyser i hjarta, koma fram i dagen. Men gjennom di sjel skal det òg gå eit sverd.»

36. Det var ei profetkvinne der, Anna Fanuelsdotter, av Asjers-ætta. Ho var langt oppi åra. I sin ungdom var ho gift i sju år,

37. og sidan hadde ho vore enkje; og no var ho åttifire år. Ho var aldri borte frå templet, men tente Gud i faste og bøn natt og dag.

38. I denne stunda kom ho fram og lova Gud; og ho tala om barnet til alle som venta på frelse for Jerusalem.

39. Då dei hadde gjort alt som var føreskrive i Herrens lov, fór dei attende til Galilea, til heimbyen Nasaret.

40. Og guten voks og vart sterk; han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han.

Lukas 2