Lukas 2:28-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. tok Simeon barnet i armane sine, lova Gud og sa:

29. Herre, no lèt du tenaren din ¬fara herifrå i fred,etter ditt ord.

30. For augo mine har sett di frelse,

31. som du har skipa til ¬for alle folks åsyn,

32. eit ljos til openberring ¬for heidninganeog til ære for Israel, folket ditt.

33. Far hans og mor hans undra seg over det som vart sagt om han.

34. Og Simeon velsigna dei og sa til Maria, mor hans: «Sjå, han er sett til fall og oppreising for mange i Israel, og til eit teikn som vert motsagt.

35. Såleis skal dei tankar mange hyser i hjarta, koma fram i dagen. Men gjennom di sjel skal det òg gå eit sverd.»

36. Det var ei profetkvinne der, Anna Fanuelsdotter, av Asjers-ætta. Ho var langt oppi åra. I sin ungdom var ho gift i sju år,

37. og sidan hadde ho vore enkje; og no var ho åttifire år. Ho var aldri borte frå templet, men tente Gud i faste og bøn natt og dag.

Lukas 2