18. Alle som høyrde på, undra seg over det gjætarane fortalde.
19. Men Maria gøymde alt dette i hjarta sitt og grunda på det.
20. Og gjætarane vende attende, medan dei lova og prisa Gud for det dei hadde høyrt og sett; alt var så som det hadde vorte sagt dei.
21. Då åtte dagar var lidne og han skulle omskjerast, kalla dei han Jesus; det var det namnet engelen hadde nemnt før han var komen i mors liv.
22. Då reinsingstida som Moselova føreskriv, var til ende, tok dei han med seg opp til Jerusalem. Dei ville bera han fram for Herren.
23. For det står skrive i Herrens lov: Alt fyrstefødt av hankjønn skal helgast til Herren.
24. Dei ville òg bera fram det offeret som er fastsett i Herrens lov: eit par turtelduer eller to dueungar.
25. I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon; han var ein rettvis og gudleg mann som venta på Israels trøyst. Den Heilage Ande var over han,