Lukas 2:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda.

2. Dette var fyrste gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria.

3. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.

4. Josef òg fór frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt,

5. og skulle skriva seg der. Maria, festarmøya hans, var med han. Ho venta då barn.

6. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda,

7. og ho fekk son sin, den fyrstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje rom åt dei i herberget.

8. Det var nokre gjætarar der i grannelaget, som låg ute og vakta sauene sine om natta.

Lukas 2