43. Det skal koma dagar då fiendane dine kastar opp ein voll rundt deg, kringset deg og trengjer deg frå alle kantar.
44. Dei skal slå deg til jorda, og folket ditt med deg, og det skal ikkje liggja att stein på stein i deg, fordi du ikkje skjøna di gjestings tid.»
45. Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og tok til å jaga ut dei som dreiv handel der.
46. Og han sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal vera eit bønehus. Men de har gjort det til ei røvarhole.»
47. Sidan var han kvar dag i templet og lærte. Overprestane og dei skriftlærde og dei fremste mennene i folket hadde hug til å rydja han or vegen.
48. Men dei fann ikkje ut korleis dei skulle bera seg åt, for alt folket heldt seg nær til han og høyrde på han.