Lukas 19:29-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Som han kom bort imot Betfage og Betania, ved den høgda som heiter Oljeberget, sende han to av læresveinane i veg

30. og sa: «Gå bort i den landsbyen som ligg framfor dykk. Når de kjem dit, finn de ein eselfole som står bunden, og som det aldri har sete menneske på. Den skal de løysa og leia hit!

31. Og er det nokon som spør: Kvifor løyser de folen? då skal de svara: Herren har bruk for han.»

32. Dei to gjekk av stad, og fann det så som han hadde sagt.

33. Då dei løyste folen, spurde dei som åtte han: «Kvifor løyser de folen?»

34. Dei svara: «Herren har bruk for han.»

35. Så leidde dei folen til Jesus, la kappene sine på han og lét Jesus setja seg oppå.

36. Og der han reid fram, breidde folket kappene sine ut på vegen.

37. Då han kom bort imot den staden der det ber ned frå Oljeberget, tok heile læresveinflokken, glade som dei var, til å lova Gud med høg røyst for alle dei mektige gjerningane dei hadde sett. Dei ropa:

Lukas 19