Lukas 15:9-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Og når ho har funne han, kallar ho saman vener og grannekoner og seier: «Gled dykk med meg! Eg har funne pengen eg hadde mist.»

10. På same måten, seier eg dykk, vert det glede mellom Guds englar over éin syndar som vender om.

11. Så sa Jesus: Det var ein gong ein mann som hadde to søner.

12. Den yngste sa til far sin: «Far, lat meg få den delen av buet som fell på meg.» Så skifte han eigedomen sin mellom dei.

13. Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt sitt og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og øydde opp alt det han åtte.

Lukas 15