Lukas 14:16-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Jesus sa:Det var ein mann som ville halda eit stort gjestebod og bad mange.

17. Då tida for gjestebodet kom, sende han tenaren sin i veg for å seia til dei bedne: «Kom, no er alt ferdig!»

18. Men dei tok til å be seg unna, alle som ein. Den eine sa: «Eg har kjøpt eit jordstykke og må ut og sjå på det. Du lyt gjera vel og orsaka meg.»

19. Ein annan sa: «Eg har kjøpt meg fem par oksar, og no skal eg av og prøva dei. Du lyt gjera vel og orsaka meg.»

20. Endå ein annan sa: «Eg har fått meg ei kone, difor kan eg ikkje koma.»

21. Tenaren kom att og fortalde dette til herren sin. Då vart husbonden harm og sa til han: «Gå straks ut på gater og vegar i byen, og hent inn fattige og vanføre, blinde og lame.»

22. Snart kunne tenaren melda: «Herre, det er gjort som du sa, men det er enno rom.»

23. Då sa herren til tenaren: «Gå ut på vegane og stigane og nøyd folk til å koma inn, så huset mitt vert fullt.

24. For det seier eg dykk: Ingen av dei som var bedne, skal få vera med i mitt gjestebod.»

25. Mykje folk fylgde med han, og han snudde seg og sa til dei:

26. Om nokon kjem til meg, må han setja det høgare enn far og mor, kone og born, brør og systrer, ja, sitt eige liv, elles kan han ikkje vera min læresvein.

27. Den som ikkje ber krossen sin og fylgjer etter meg, kan ikkje vera min læresvein.

Lukas 14