8. «Herre, lat det få stå i år òg,» svara gartnaren, «så skal eg grava kring det og gjødsla det;
9. kan henda det ber neste år. Gjer det ikkje det, får du hogga det ned.»
10. Ein sabbat lærte han folket i ei av synagogene.
11. Der var det ei kvinne som hadde vore plaga av ei sjukdomsånd i atten år. Ho gjekk tvikrokut og kunne ikkje retta seg opp.
12. Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg og sa: «No er du løyst frå sjukdomen din, kvinne.»
13. Så la han hendene på henne, og med ein gong rette ho seg opp og lova Gud.
14. Men synagogeforstandaren vart arg fordi Jesus lækte på sabbaten, og han sa til dei som var samla: «Det er seks dagar i veka til å arbeida på. Då kan de koma og la dykk lækja, men ikkje på sabbaten.»
15. «Hyklarar,» svara Herren. «Løyser ikkje kvar ein av dykk oksen eller eselet av båsen på sabbaten, og leier dei ut så dei får drikka?
16. Men her er ei Abrahams dotter som Satan har halde bunden i samfulle atten år, skulle ikkje ho kunna løysast or det bandet på ein sabbat?»
17. Då han sa dette, laut dei skjemmast, alle motstandarane hans. Men heile lyden gledde seg over alt det underfulle han gjorde.
18. Så sa han: «Kva er Guds rike likt? Kva skal eg likna det med?
19. Det er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i hagen sin, og det voks og vart til eit tre, og fuglane under himmelen bygde reir i greinene på det.»
20. Og han heldt fram: «Kva skal eg likna Guds rike med?
21. Det er likt ein surdeig som ei kvinne la inn i tre mål mjøl, til alt i hop var syrt.»
22. Medan han var på veg til Jerusalem, fór han ikring frå by til by og frå landsby til landsby og lærte folket.
23. Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som vert frelste?» Han sa til dei: