6. Så fortalde han denne likninga: Ein mann hadde eit fikentre som var planta i vingarden hans. Men då han kom og såg etter frukt på det, fann han ikkje noko.
7. Då sa han til gartnaren: «No er det tredje året eg kjem og leitar etter frukt på dette fikentreet og ikkje finn noko. Hogg det ned! Kvifor skal det stå der og suga ut jorda?»
8. «Herre, lat det få stå i år òg,» svara gartnaren, «så skal eg grava kring det og gjødsla det;
9. kan henda det ber neste år. Gjer det ikkje det, får du hogga det ned.»
10. Ein sabbat lærte han folket i ei av synagogene.
11. Der var det ei kvinne som hadde vore plaga av ei sjukdomsånd i atten år. Ho gjekk tvikrokut og kunne ikkje retta seg opp.
12. Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg og sa: «No er du løyst frå sjukdomen din, kvinne.»