24. Strid alt de kan for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det.
25. Når husbonden fyrst har reist seg og stengt døra, og de står utanfor og bankar på og seier: «Herre, lat opp for oss!» då skal han svara: «Eg veit ikkje kvar de er ifrå.»
26. Då kjem de til å seia: «Vi har ete og drukke i lag med deg, og du lærte på gatene våre.»
27. Men han skal svara: «Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!»
28. Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike, men de sjølve er kasta utanfor.
29. Og det skal koma folk frå aust og frå vest, frå nord og frå sør og sitja til bords i Guds rike.
30. Og sjå, nokre av dei siste skal verta dei fyrste, og nokre av dei fyrste skal verta dei siste.
31. I same stunda kom det nokre farisearar og sa til han: «Du må koma deg bort herifrå. Herodes tenkjer på å drepa deg.»