Lukas 11:32-40 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

32. Folk frå Ninive skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For dei vende om då Jona bar fram bodskapen sin. Og her er meir enn Jona!

33. Ingen kveikjer eit ljos og set det i kjellaren eller under eit kar. Nei, han set det i staken, så dei som kjem inn, kan sjå skinet frå det.

34. Auga gjev lekamen ljos. Når auga ditt er friskt, er heile lekamen din ljos. Men er auga sjukt, er lekamen din òg mørk.

35. Sjå då til at ljoset i deg ikkje er mørker!

36. Er no heile lekamen din ljos, og ingen del av han mørk, då vert alt ljost, som når ei lysande lampe skin på deg.

37. Då han hadde tala, spurde ein farisear om han ville eta hjå han. Og Jesus gjekk inn og sette seg til bords.

38. Farisearen undra seg då han såg at Jesus ikkje duppa hendene i vatn før måltidet.

39. Men Herren sa til han:«Ja, de farisearar, de gjer skåler og fat reine utanpå, men inni er de fulle av havesykje og vondskap.

40. Uvituge menneske! Han som har skapt det som er utvendes, har ikkje han skapt det som er innvendes òg?

Lukas 11