17. Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei:Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og hus etter hus fell.
18. Er no Satan komen i strid med seg sjølv, korleis kan då riket hans halda seg? For de seier at det er Beelsebul som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene.
19. Men er det Beelsebul som hjelper meg til det, kven får då dykkar eigne tilhengjarar hjelp frå, når dei driv ut ånder? Difor skal dykkar eigne folk døma dykk.
20. Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk.
21. Når den sterke med våpen i hand vaktar garden sin, får han ha eigedomen sin i fred.
22. Men kjem det ein som er sterkare og vinn over han, då tek han våpna som den sterke sette si lit til, og deler ut det han har røva ifrå han.
23. Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier.
24. Når ei urein ånd fer ut or eit menneske, flakkar ho over vasslause vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen. Då seier ho: «Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flytte ifrå.»
25. Når ho kjem att, finn ho det feia og fjelga.