Lukas 11:10-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. For kvar den som bed, han får, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, for han vert det opplate.

11. Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om ein fisk,

12. eller gjev han ein skorpion når han bed om eit egg?

13. Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!»

14. Ein gong dreiv han ut ei vond ånd or ein som var mållaus. Og då ho hadde fare ut, tala den mållause. Folket undra seg.

15. Men nokre av dei sa: «Det er Beelsebul, hovdingen over dei vonde åndene, som hjelper han å driva dei vonde åndene ut.»

16. Andre ville setja han på prøve og bad om eit teikn frå himmelen.

Lukas 11