12. Eg seier dykk: På domedag skal Sodoma sleppa lettare enn den byen.
13. Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledt seg i sekk og oske.
14. Men i domen skal Tyrus og Sidon sleppa lettare enn de.
15. Og du, Kapernaum, du som vil opphøgjast like til himmelen, til dødsriket skal du støytast ned!
16. Den som høyrer dykk, høyrer meg, og den som vrakar dykk, vrakar meg. Men den som vrakar meg, vrakar han som har sendt meg.
17. Dei sytti kom glade attende og sa: «Herre, jamvel dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!»
18. Då sa han til dei: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn.
19. Ja, eg har gjeve dykk makt til å trø på ormar og skorpionar, og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk.
20. Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er skrivne i himmelen!»
21. I same stunda jubla han i Den Heilage Ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. Ja, Far, for dette var din gode vilje.
22. Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen veit kven Sonen er utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.»
23. Då han var åleine med læresveinane, sa han til dei: «Sæle dei augo som ser det de ser!
24. For eg seier dykk: Mange profetar og kongar hadde hug å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra det.»
25. Då steig det fram ein mann som var kunnig i lova. Han ville setja Jesus på prøve og sa: «Meister, kva skal eg gjera så eg kan få evig liv?»
26. «Kva står skrive i lova?» sa Jesus. «Kva les du der?»
27. Han svara: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.»
28. Då sa Jesus: «Du svara rett. Gjer det, så skal du leva.»