Kolossarane 4:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. De som er herrar, skal fara rett og rimeleg fram mot trælane dykkar, for de veit at de òg har ein herre i himmelen.

2. Ver vedhaldande i bøn, vak og bed og takka Gud!

3. Bed for oss òg, at Gud må opna ei dør for Ordet, så vi kan forkynna Kristi løyndom, den eg no sit i fengsel for.

4. Bed om at eg må få gjera han kjend som eg skal.

5. Ver visleg når de er saman med dei som står utanfor, og kjøp den laglege tid.

Kolossarane 4