Kolossarane 4:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. De som er herrar, skal fara rett og rimeleg fram mot trælane dykkar, for de veit at de òg har ein herre i himmelen.

2. Ver vedhaldande i bøn, vak og bed og takka Gud!

3. Bed for oss òg, at Gud må opna ei dør for Ordet, så vi kan forkynna Kristi løyndom, den eg no sit i fengsel for.

4. Bed om at eg må få gjera han kjend som eg skal.

5. Ver visleg når de er saman med dei som står utanfor, og kjøp den laglege tid.

6. Lat alltid orda dykkar vera venlege, men lat dei ha salt og kraft, så de veit å gje kvar og ein det rette svaret.

7. Tykikus kjem til å fortelja dykk alt om korleis det går med meg. Han er ein kjær bror og ein trufast tenar og medarbeidar for Herren.

8. Eg sender han til dykk nett for at de skal få høyra korleis det er med oss, og for at han skal setja nytt mot i dykk.

9. Saman med han sender eg Onesimus, den trufaste og kjære bror som er frå dykkar by. Desse to kan fortelja dykk alt herifrå.

10. Aristark, som er fange saman med meg, helsar dykk, og det same gjer Markus, syskenbarnet til Barnabas. De har fått bod om han; ta vel imot han om han kjem.

11. Jesus, som har tilnamnet Justus, helsar òg. Desse tre er dei einaste jødekristne som har arbeidt saman med meg for Guds rike, og dei har vore til stor trøyst for meg.

Kolossarane 4