Kolossarane 3:11-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Her er ikkje grekar eller jøde, omskoren eller uomskoren, utlending, skytar, træl eller fri; men Kristus er alt og i alle.

12. De er Guds utvalde, helga og elska av han. Kled dykk difor i inderleg medkjensle og godleik! Ver audmjuke, ta dykk ikkje sjølve til rettes, men ver tolsame,

13. så de ber over med kvarandre og tilgjev kvarandre, om den eine har noko å klaga den andre for. Som Herren har tilgjeve dykk, skal de tilgje kvarandre.

14. Og framfor alt, kled dykk i kjærleik, det bandet som bind saman og fullendar.

15. Lat Kristi fred rå i hjarto dykkar, for til det vart de kalla då de vart ein lekam. Og ver takksame!

16. Lat Kristi ord få rikeleg rom hjå dykk, så de med visdom kan læra og rettleia kvarandre, med salmar, hymner og åndelege songar; syng for Gud med takk i hjarta!

17. Og alt de gjer, i ord og gjerning, gjer det i Herren Jesu namn, med takk til Gud Fader ved han.

18. De koner skal underordna dykk mennene dykkar, som det sømer seg for kristne.

19. De menn skal elska konene dykkar og ikkje vera harde mot dei.

20. De born skal vera lydige mot foreldra dykkar i alle ting, for det er til hugnad for Herren.

21. De fedrar skal ikkje stella dykk såleis med borna at dei vert arge og misser motet.

22. De trælar skal lyda dei jordiske herrane dykkar i alle ting. Ver ikkje augnetenarar, som berre vil gjera menneske til lags, men lyd dei av eit ærleg hjarta og i age for Herren.

Kolossarane 3