Kolossarane 1:8-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Han har òg fortalt oss om den kjærleiken Anden har gjeve dykk.

9. Heilt frå den dagen vi fekk høyra om dette, har vi ikkje halde opp med å be for dykk. Og det er vår bøn at de må verta fylte med kunnskap om Guds vilje og få all den visdom og alt det skjøn som Anden gjev.

10. Då kan de leva eit liv som er Herren verdig, og som i alt er til hugnad for han; og de skal bera frukt i all god gjerning og veksa i kjennskap til Gud.

11. De skal styrkjast og få kraft, av den kraft som han i sin herlegdom eig, så de alltid er uthaldande og tolmodige.

12. Og med glede skal de takka Faderen, som gjorde dykk dugande til å få del i den arven dei heilage får i ljoset.

13. For han har fria oss ut frå mørkers makt og sett oss over i sin kjære Sons rike.

14. Og i han har vi utløysinga, forlating for syndene.

15. Han er bilete ¬av den usynlege Gud,den fyrstefødde ¬som står over alt det skapte.

Kolossarane 1