1. Paulus, som etter Guds vilje er Kristi Jesu apostel, og vår bror Timoteus,
2. helsar dei heilage i Kolossæ, dei truande brørne i Kristus. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far!
3. Vi takkar alltid Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, når vi bed for dykk.
4. For vi har høyrt om dykkar tru på Kristus Jesus og om den kjærleik de har til alle dei heilage,
5. ein kjærleik som kjem frå vona. Det de vonar på, ligg ferdig for dykk i himmelen. Men alt no har de fått høyra om det gjennom sanningsordet, evangeliet,
6. som er kome til dykk. For i heile verda ber evangeliet frukt og breier seg ut, og det har det gjort hjå dykk òg heilt frå den dagen de fekk høyra det og læra Guds sanne nåde å kjenna.
7. Det var dette de fekk læra av Epafras, den kjære medarbeidaren vår, som er ein trufast Kristi tenar i vår stad.