5. Dei som før åt fine retter,ligg forkomne på gatene.Dei som før vart borne ¬på skarlak,ligg no på avfallshaugen.
6. Den synd mitt folk har gjort,er verre enn synda i Sodoma,som vart lagt i grus ¬på ein augneblinkutan at nokon lyfte ei hand.
7. Sions hovdingar ¬var reinare enn snøog kvitare enn mjølk.Kroppen deira ¬var raudare enn korallar,dei såg ut som safir.
8. No ser dei svartare ut enn sot,ein kan ikkje kjenna dei att ¬på gata.Dei er berre skinn og bein,huda er turr som knusk.
9. Dei som fall for sverd, ¬var betre farneenn dei som svalt i hel;for dei tærtest bort og døyddefordi jorda ikkje gav grøde.