9. Ureinskapen viser seg ¬på hennar slep;ho hadde ikkje tenkt ¬det skulle enda så.Utruleg djupt har ho sokke,og ingen trøystar henne.«Herre, sjå mi naud,sjå korleis fienden triumferer!»
10. Fienden rette ut handaetter alle hennar skattar.Ho laut sjå at heidningarkom inn i hennar heilagdom,endå ho hadde nekta deiå vera med i din lyd.
11. Alt hennar folk må sukkamedan dei leitar etter brød.Dei byter sine skattar i mat,så dei kan berga livet.«Sjå, Herre, og legg merke tilkor vanvørd eg er!»
12. Å, alle de ¬som fer framom på vegen,gjev akt og sjå ¬om det finst ei liding så tungsom den eg har røynt,den Herren har late meg lidapå sin brennande vreidedag.