Klagesongane 1:2-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Ho græt så sårt om natta,tårene renn på hennar kinn.Mellom alle sine elskararhar ho ingen som trøystar.Alle hennar vener har svike,dei har vorte hennar fiendar.

3. Bort frå landet laut Juda fara,ut or naud og tung trældom.No bur ho mellom folkaog finn ikkje ro.Alle hennar forfylgjarar ¬nådde henne attmidt i trengslene.

4. Vegane til Sion syrgjerfordi ingen kjem til høgtidene.Alle portane i byen er aude,og prestane der må sukka.Dei unge jentene er fulle ¬av sut,og sjølv har ho bitter sorg.

Klagesongane 1