Judas 1:9-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Men då overengelen Mikael låg i strid med djevelen om lekamen åt Moses, våga han ikkje å spotta djevelen og døma han, men sa: «Herren straffe deg!»

10. Desse derimot spottar det dei ikkje kjenner; og det dei skjønar med sansane sine, liksom vitlause dyr, det tener berre til å tyna dei sjølve.

11. Ve dei! Dei har slege inn på same vegen som Kain; dei har kasta seg ut i same villfaring som Bileam, han som var ute etter eiga vinning; dei har gjort opprør som Korah; difor har dei gått til grunne.

12. Dei er skamflekker ved kjærleiksmåltida dykkar, der dei utan blygsle et og drikk. Dei er hyrdingar som berre syter for seg sjølve, vasslause skyer som driv med vinden. Dei er tre som ikkje ber frukt om hausten, to gonger døde, ja, rivne opp med rot.

13. Dei er ville havbylgjer, skummande opp si eiga skam, vegville stjerner som det evige nattmørkret ventar på.

14. Det var om desse Enok, Adams etterkomar i sjuande leden, spådde då han sa: «Sjå, Herren kjem med sine heilage englar i tusental.

15. Han vil halda dom over alle og krevja alle gudlause til rekneskap for alle deira ugudelege gjerningar, og for alle harde ord dei har tala mot han, desse gudlause syndarane.»

16. Dette er folk som murrar og klagar over lagnaden sin, men lever etter lystene sine. Dei skryter og fer med store ord, og smigrar folk når det gagnar dei sjølve.

17. Men de, mine kjære, kom i hug dei ord som vår Herre Jesu Kristi apostlar føreåt har tala.

18. Dei sa til dykk: «I dei siste tider skal det koma folk som spottar og lever etter sine eigne ugudelege lyster.»

19. Dette er dei som skaper kløyving mellom dykk; dei har sjel, men Anden vantar dei.

20. Men de, mine kjære, oppbygg dykk på dykkar høgheilage tru og bed alltid i Den Heilage Ande.

21. Hald dykk i Guds kjærleik, medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi miskunn, som gjev dykk evig liv.

Judas 1