Josva 24:4-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. og Isak fekk sønene Jakob og Esau. Esau lét eg få Se’ir-fjella til eigedom. Men Jakob og sønene hans fór ned til Egypt.

5. Sidan sende eg Moses og Aron. Eg slo egyptarane med dei plagene som eg sende mellom dei, og så førte eg dykk ut.

6. Då eg hadde ført fedrane dykkar ut or Egypt, kom dei til Sevsjøen. Men egyptarane sette etter dei og kom til sjøen med vogner og hestfolk.

7. Då ropa dei til Herren, og eg sende eit tett mørker mellom dykk og egyptarane. Eg lét sjøen slå saman over dei, og han gøymde dei. Med eigne augo såg de kva eg gjorde med egyptarane.Sidan var de lenge i øydemarka.

8. Så førte eg dykk inn i landet åt amorittane, som budde austanfor Jordan. Dei stridde mot dykk, men eg gav dei i dykkar hand, så de kunne ta landet. Eg rudde dei ut for dykk.

9. Kongen i Moab, Balak Sipporsson, gjekk til strid mot Israel. Han sende bod etter Bileam Beorsson og bad han forbanna dykk.

10. Men eg ville ikkje høyra på Bileam, og han laut velsigna dykk. Såleis berga eg dykk frå Balak.

11. Sidan gjekk de over Jordan og kom til Jeriko. Og Jeriko-buane stridde mot dykk. Det same gjorde amorittane, perisittane, kanaanearane, hetittane, girgasjittane, hevittane og jebusittane. Men eg gav dei i dykkar hand.

12. Eg sende redsle og rådløyse føre dykk og dreiv bort dei to amorittkongane. Det var ikkje du som gjorde det med sverd eller boge.

13. Eg gav dykk eit land som de ikkje hadde hatt strev med, byar som de ikkje hadde bygt, men som de fekk bu i, vintre og oliventre som de ikkje hadde planta, men fekk nyta frukta av.

14. Så ha då age for Herren, og ten han ærleg og trufast! Skil dykk av med dei gudane som fedrane dykkar dyrka på hi sida av Storelva og i Egypt, og ten Herren!

15. Men har de ikkje hug til å tena Herren, så vel i dag kven de vil tena, anten dei gudane som fedrane dykkar dyrka bortanfor Storelva, eller gudane åt amorittane, som åtte det landet de no bur i. Eg og mi ætt, vi vil tena Herren.

16. Då svara folket: «Aldri skal det henda at vi går bort frå Herren og dyrkar andre gudar.

17. For det var Herren vår Gud som førte oss og fedrane våre ut or Egypt, or trælehuset. Han gjorde desse store teikna for augo våre. Og sidan vakta han oss på heile den lange ferda og verna oss mellom folket i alle dei landa vi laut fara igjennom.

18. Herren dreiv bort alle desse folka, og like eins amorittane, som budde her i landet før oss. Vi òg vil tena Herren; for han er vår Gud.»

19. Då sa Josva til folket: «De maktar ikkje å tena Herren; for han er ein heilag Gud. Han er ein brennhuga Gud, som ikkje ber over med brota og syndene dykkar.

20. Går de bort frå Herren og dyrkar framande gudar, kjem han atter til å føra ulukke over dykk og gjera ende på dykk, kor mykje godt han før har gjort dykk.»

21. Folket svara: «Nei! Herren vil vi tena.»

Josva 24