Josva 24:15-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Men har de ikkje hug til å tena Herren, så vel i dag kven de vil tena, anten dei gudane som fedrane dykkar dyrka bortanfor Storelva, eller gudane åt amorittane, som åtte det landet de no bur i. Eg og mi ætt, vi vil tena Herren.

16. Då svara folket: «Aldri skal det henda at vi går bort frå Herren og dyrkar andre gudar.

17. For det var Herren vår Gud som førte oss og fedrane våre ut or Egypt, or trælehuset. Han gjorde desse store teikna for augo våre. Og sidan vakta han oss på heile den lange ferda og verna oss mellom folket i alle dei landa vi laut fara igjennom.

18. Herren dreiv bort alle desse folka, og like eins amorittane, som budde her i landet før oss. Vi òg vil tena Herren; for han er vår Gud.»

19. Då sa Josva til folket: «De maktar ikkje å tena Herren; for han er ein heilag Gud. Han er ein brennhuga Gud, som ikkje ber over med brota og syndene dykkar.

20. Går de bort frå Herren og dyrkar framande gudar, kjem han atter til å føra ulukke over dykk og gjera ende på dykk, kor mykje godt han før har gjort dykk.»

21. Folket svara: «Nei! Herren vil vi tena.»

22. Då sa Josva til dei: «Så er de vitne mot dykk sjølve at de har valt Herren og vil tena han.» Dei svara: «Ja, vi er vitne.»

23. Josva sa: «Få då bort dei framande gudane som er hjå dykk, og bøy hjarta til Herren, Israels Gud!»

24. Folket svara: «Herren vår Gud vil vi tena, og hans ord vil vi lyda.»

25. Den dagen gjorde Josva ei pakt for folket i Sikem og sette lov og rett for dei.

26. Han skreiv opp desse orda i Guds lovbok. Så tok han ein stor stein og reiste han der under eika som står attmed Herrens heilagdom.

Josva 24