Josva 2:9-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. og sa til dei: «Eg veit at Herren har gjeve dykk dette landet. No har det kome over oss ei redsle for dykkar skuld, og alle som bur her i landet, er så redde dykk at dei skjelv.

10. For vi har høyrt korleis Herren turka ut vatnet i Sevsjøen framføre dykk då de fór frå Egypt, og kva de gjorde med dei to amorittkongane på hi sida av Jordan, Sihon og Og, som de bannstøytte.

11. Då vi høyrde det, vart vi reint motlause, og no er det ingen som vågar å møta dykk. For Herren dykkar Gud, han er Gud både oppi himmelen og nedpå jorda.

12. Så sver då ved Herren at de vil gjera vel mot folket mitt, liksom eg har gjort vel mot dykk. Gjev meg eit klårt teikn på

13. at de vil spara foreldra og syskena mine og alt husfolket deira og berga livet vårt.»

14. Då svara mennene: «Med vårt eige liv skal vi svara for livet dykkar, så sant du ikkje lèt nokon få vita kva ærend vi er ute i. Og når Herren gjev oss landet, skal vi vera gode og trufaste mot deg.»

15. Så firte ho dei ned frå vindauga med eit reip. For ho budde attmed bymuren, og huset hennar gjekk i eitt med muren.

16. Og ho sa til dei: «Gå opp i fjellet, så de ikkje møter dei som forfylgjer dykk. Hald dykk løynde der i tre dagar, til dei kjem att. Sidan kan de fara kvar de vil.»

17. Då sa mennene til henne: «Gjer du ikkje som vi no seier, held vi oss for løyste frå den eiden du lét oss sverja.

Josva 2