Josva 2:16-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Og ho sa til dei: «Gå opp i fjellet, så de ikkje møter dei som forfylgjer dykk. Hald dykk løynde der i tre dagar, til dei kjem att. Sidan kan de fara kvar de vil.»

17. Då sa mennene til henne: «Gjer du ikkje som vi no seier, held vi oss for løyste frå den eiden du lét oss sverja.

18. Når vi kjem inn i landet, skal du binda denne raude snora i vindauga som du firte oss ned frå, og så skal du samla foreldra og brørne dine og alt folket ditt her i huset hjå deg.

19. Går då nokon ut gjennom husdøra di, er det hans eiga skuld om han vert drepen; vi er skuldlause. Men vert det lagt hand på nokon av dei som er inne hjå deg, skal vi svara for livet hans.

20. Og talar du til nokon om ærendet vårt, er vi løyste frå den eiden du tok av oss.»

21. Ho svara: «Det skal vera som de seier.» Så bad ho farvel med dei, og dei fór av stad. Og ho batt den raude snora i vindauga.

Josva 2