Josva 18:10-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Og Josva kasta lodd for dei der, for Herrens åsyn. Han skifte landet mellom israelittane; kvar ætt fekk sin del.

11. Det fyrste loddet fall på Benjamins-sønene og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, låg mellom Juda-sønene og Josefs-sønene.

12. Landegrensa deira på nordsida gjekk ut frå Jordan og oppover til åsen nordanfor Jeriko og så vestover fjellet fram til øydemarka ved Bet-Aven.

13. Derifrå heldt ho fram sørover mot Lus, til høgdedraget ved Lus, som no heiter Betel, og gjekk så ned til Atrot-Addar, over det fjellet som ligg sør for Nedre Bet-Horon.

14. Så svinga ho og gjekk sørover i ein boge på vestsida av fjellet sør for Bet-Horon, til ho enda i Kirjat-Ba’al, ein by som høyrer Juda til; no heiter han Kirjat-Jearim. Dette var vestgrensa.

15. På sørsida gjekk grensa frå utkanten av Kirjat-Jearim vestover til Neftoah-kjelda.

16. Så gjekk ho ned til foten av det fjellet som ligg midt for Hinnom-dalen, nordanfor Refa’im-dalen. Derifrå heldt ho fram gjennom Hinnom-dalen på sørsida av Jebusitt-åsen ned til Rogel-kjelda.

17. Der svinga ho mot nord, gjekk fram til Sjemesj-kjelda og til Gelilot, som ligg midt for Adummim-skaret, og så ned til Bohan-steinen, som heiter etter Bohan, son til Ruben.

18. Så gjekk ho nordover til høgdedraget ovanfor Jordan-dalen og ned i dalen.

19. Der heldt ho fram til Bet-Hogla-åsen og enda i den nørdste vika av Saltsjøen, attmed Jordan-osen. Dette var sørgrensa.

20. På austsida var Jordan skiljelina. Dette var det landet som Benjamins-sønene og ættgreinene deira fekk, med grensene kring det.

Josva 18