2. Dei andre Manasse-sønene fekk òg land, ætt for ætt: sønene til Abieser, Helek, Asriel, Sikem, Hefer og Sjemida. Det var etterkomarane etter Manasse, son til Josef, og ættgreinene deira på mannssida.
3. Men Hefer, son til Gilead og soneson til Makir, son til Manasse, hadde ein son som heitte Selofhad. Han hadde ingen søner, berre døtrer. Og døtrene heitte Makla, Noa, Hogla, Milka og Tirsa.
4. Dei gjekk fram for presten Elasar, for Josva Nunsson og hovdingane og sa: «Herren sa til Moses at han skulle gje oss odelsjord saman med brørne våre.» Så fekk dei odelsjord saman med farbrørne sine, som Herren hadde sagt.
5. Såleis fall det ti partar på Manasse, forutan Gilead og Basan austanfor Jordan.
6. For døtrene til Manasse fekk odel saman med sønene hans. Gilead-landet hadde dei andre Manasse-sønene fått.
7. Landet åt Manasse nådde frå Asjer til Mikmetat, midt for Sikem. Derifrå gjekk grensa sørover til En-Tappuah-bygda.