Josva 16:7-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Frå Janoah gjekk ho ned til Atarot og Na’ara og beint framom Jeriko til Jordan.

8. Frå Tappuah gjekk grensa vestover til Kana-bekken og enda utmed havet. Dette var den delen av landet som Efraims-sønene og ættgreinene deira fekk.

9. Og attåt det fekk dei alle byane og landsbyane som vart utskilde åt dei i det landet som høyrde Manasse-sønene til.

10. Men dei dreiv ikkje ut dei kanaanearane som budde i Geser. Kanaanearane vart buande i Efraim, som dei gjer den dag i dag. Men dei laut gjera tvangsarbeid.

Josva 16