Josva 15:12-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. I vest er Storhavet grensa. Dette var grensene kring det landet Juda-sønene fekk, ætt for ætt.

13. Kaleb Jefunneson fekk sin del av landet midt imellom Juda-sønene, som Herren hadde sagt til Josva. Det var den byen som hadde namn etter Arba, ættefar til anakittane, og som no heiter Hebron.

14. Kaleb dreiv ut dei tre anakittane som budde der, Sjesjai, Akiman og Talmai, etterkomarane etter Anak.

15. Sidan drog han opp mot Debir-buane. Debir heitte før i tida Kirjat-Sefer.

16. Då sa Kaleb: «Den som slår Kirjat-Sefer og tek byen, skal få Aksa, dotter mi, til kone.»

17. Otniel, son til Kenas, bror til Kaleb, tok byen og fekk Aksa til kone.

18. Då ho skulle flytta heim til han, eggja ho han til å be far hennar om eit jordstykke. Som ho hoppa ned av eselet, spurde Kaleb henne: «Kva er det du vil?»

19. Ho svara: «Lat meg få ei avskilsgåve! Når du har gift meg bort til dette turre Negev-landet, får du gje meg vasskjelder òg.» Så gav han henne Øvrekjelda og Nedrekjelda.

20. Dette er dei eigedomane som Juda-ætta fekk.

21. Lengst sør i landet, i Negev, bort imot grensa til Edom, var det desse byane: Kabse’el, Eder, Jagur,

22. Kina, Dimona, Adada,

23. Kadesj, Hasor, Jitnan,

24. Sif, Telem, Bealot,

25. Hasor-Hadatta, Kerijot-Hesron, som no heiter Hasor,

26. Amam, Sjema, Molada,

27. Hasar-Gadda, Hesjmon, Bet-Pelet,

28. Hasar-Sjual, Be’er-Sjeba, Bisjotja,

29. Ba’ala, Ijjim, Esem,

Josva 15