2. Då vart han livande redd; for Gibeon var ein stor by, som ein kongestad, større enn Ai, og alle mennene der var djerve krigarar.
3. Så sende Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, bod til Hoham, kongen i Hebron, til Piram, kongen i Jarmut, til Jafia, kongen i Lakisj, og til Debir, kongen i Eglon, og sa:
4. «Kom opp og hjelp meg, så vi kan slå folket i Gibeon fordi dei har gjort fred med Josva og israelittane.»
5. Då kom dei saman desse fem amorittkongane og drog opp med hærane sine. Det var kongane i Jerusalem, Hebron, Jarmut, Lakisj og Eglon. Dei kringsette Gibeon og ville ta på byen.
6. Men folket i Gibeon sende bod til Josva i leiren ved Gilgal og sa: «Slå ikkje handa av trælane dine, men kom opp til oss så fort du kan! Hjelp oss og berga oss! For alle amorittkongane som bur i fjellbygdene, har slege seg i hop mot oss.»
7. Så tok Josva ut frå Gilgal med heile hæren, alle dei djerve krigarane sine.
8. Og Herren sa til han: «Ver ikkje redd amorittkongane! Eg gjev dei i dine hender. Ikkje ein av dei skal kunna stå seg mot deg.»