7. Og sjømennene sa til kvarandre: «Kom, lat oss kasta lodd, så vi får vita kven som er skuld i at denne ulukka har kome over oss!» Så kasta dei lodd, og loddet fall på Jona.
8. Då sa dei til han: «Sei oss kven som er skuld i at denne ulukka har kome over oss! Kva ærend er du ute i, og kvar kjem du frå? Kva land er du frå, og kva folk høyrer du til?»
9. Han svara: «Eg er hebrear, og eg dyrkar Herren, Gud i himmelen, han som har skapt havet og fastlandet.»
10. Då vart sjømennene fælande redde og sa til han: «Kva er det du har gjort!» For dei visste at han hadde rømt bort frå Herren; det hadde han fortalt dei.
11. «Kva skal vi gjera med deg,» sa dei, «så havet kan leggja seg?» For havet vart meir og meir opprørt.
12. Han svara: «Ta og kast meg i havet, så skal det stilna! For eg veit at det er for mi skuld den sterke stormen er komen over dykk.»
13. Sjømennene prøvde å ro til lands att, men dei greidde det ikkje. For sjøen bar meir og meir imot.
14. Då ropa dei til Herren: «Å Herre, lat oss ikkje gå under fordi denne mannen skal døy, og lat ikkje skuldlaust blod koma over oss! For du, Herre, har gjort som du vil.»
15. Så tok dei Jona og kasta han på sjøen. Då heldt havet opp å rasa,
16. og mennene fekk stor age for Herren. Dei ofra slaktoffer til Herren og gav lovnader.