7. Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den fyrste steinen på henne.»
8. Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda.
9. Då dei høyrde det, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste fyrst. Til sist var Jesus att åleine med kvinna som stod der.
10. Då rette han seg opp og sa: «Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?»
11. «Nei, Herre, ingen,» svara ho. Då sa Jesus: «Så dømer ikkje eg deg heller. Gå bort og synda ikkje meir!»
12. Atter tala Jesus til folket og sa: «Eg er ljoset for verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos.»
13. Farisearane sa til han: «Du vitnar i eiga sak, vitnemålet ditt gjeld ikkje.»
14. Jesus svara: «Vitnar eg i eiga sak, er vitnemålet mitt sant likevel, for eg veit kvar eg er komen ifrå og kvar eg fer av. Men de veit korkje kvar eg kjem ifrå eller kvar eg fer av.
15. De dømer på menneskevis; eg dømer ingen.
16. Men om eg dømer, så gjeld domen min. For eg er ikkje åleine; han som sende meg, er med.
17. Og i dykkar eiga lov står det skrive at to manns vitnemål er sætande.
18. Eg vitnar om meg sjølv, og Faderen som har sendt meg, vitnar òg om meg.»
19. «Kvar er far din?» spurde dei. Jesus svara: «De kjenner korkje meg eller Far min. Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg.»
20. Dette sa Jesus attmed tempelkista medan han lærte i heilagdomen. Men ingen la hand på han; for tida hans var endå ikkje komen.
21. Ein annan gong sa Jesus til dei: «Eg går bort, og de kjem til å leita etter meg; men de skal døy i synda dykkar. Dit eg går, kan ikkje de koma.»
22. Då sa jødane: «Han vil vel ikkje ta sitt eige liv, sidan han seier: Dit eg går, kan ikkje de koma?»
23. Jesus sa til dei: «De er nedanfrå, eg er ovanfrå. De er av denne verda, eg er ikkje av denne verda.
24. Eg sa at de skal døy i syndene dykkar. For trur de ikkje at «eg er Han», skal de døy i syndene dykkar.»
25. «Kven er du?» spurde dei. «Kvifor talar eg i det heile med dykk?» sa Jesus.
26. «Mykje har eg å seia om dykk og døma dykk for. Men han som sende meg, talar sant, og det eg har høyrt av han, det talar eg til verda.»