Johannes 6:9-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. «Her er ein liten gut som har fem byggbrød og to fiskar, men kva er det til så mange?»

10. Då sa Jesus: «Lat folket setja seg!» Det var mykje gras der på staden, og dei sette seg. Talet på mennene var ikring fem tusen.

11. Då tok Jesus brøda, bad takkebøn og delte ut til dei medan dei sat der, og like eins av fiskane, så mykje dei ville ha.

12. Då dei var mette, sa han til læresveinane: «Sanka i hop dei stykka som er att, så ingen ting går til spille.»

13. Dei så gjorde og fylte tolv korger med stykke som var att av dei fem byggbrøda, etter at alle hadde ete.

14. Då folket såg det teiknet Jesus hadde gjort, sa dei: «Dette er sanneleg profeten som skal koma til verda!»

15. Jesus skjøna at dei ville koma og ta han med makt og gjera han til konge. Difor drog han seg unna og gjekk opp i fjellet att, han åleine.

16. Då det vart kveld, kom læresveinane ned til sjøen.

17. Dei gjekk ut i ein båt og ville fara over til Kapernaum. Det hadde alt vorte mørkt, og Jesus var endå ikkje komen til dei.

18. Sjøen gjekk høg, for det bles hardt.

19. Då dei hadde rott tjuefem eller tretti stadier, såg dei Jesus koma gåande på vatnet og nærma seg båten, og dei vart redde.

20. Men Jesus sa til dei: «Det er eg. Ver ikkje redde!»

21. Då lét dei han koma opp i båten, og straks var båten innmed land der dei skulle leggja til.

22. Dagen etter stod det endå mange menneske att på hi sida av sjøen. Dei hadde sett at det var berre ein båt der, og at Jesus ikkje gjekk i båten saman med læresveinane; dei hadde fare av stad åleine.

23. No kom det nokre båtar frå Tiberias og la til nær den staden der Herren hadde bede takkebøn og dei hadde ete brødet.

24. Då folket såg at korkje Jesus eller læresveinane hans var der, gjekk dei i båtane og fór over til Kapernaum og leita etter Jesus.

25. Dei fann han der, på den sida av sjøen, og sa til han: «Rabbi, når kom du hit?»

26. Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Det er ikkje fordi de såg teikn at de leitar etter meg, men fordi de åt av brøda og vart mette.

27. Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Gud, Faderen, sett sitt segl.»

28. Då sa dei til han: «Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?»

29. Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»

Johannes 6