4. Det leid mot påske, høgtida åt jødane.
5. Som no Jesus såg opp og la merke til at det kom mykje folk til han, sa han til Filip: «Kvar skal vi kjøpa brød, så alle desse kan få seg mat?»
6. Det sa han for å prøva Filip; for han visste sjølv kva han ville gjera.
7. Filip svara: «Brød for to hundre denarar rekk ikkje til så kvar av dei kan få eit lite stykke.»
8. Ein annan av læresveinane, Andreas, bror til Simon Peter, sa til han:
9. «Her er ein liten gut som har fem byggbrød og to fiskar, men kva er det til så mange?»
10. Då sa Jesus: «Lat folket setja seg!» Det var mykje gras der på staden, og dei sette seg. Talet på mennene var ikring fem tusen.
11. Då tok Jesus brøda, bad takkebøn og delte ut til dei medan dei sat der, og like eins av fiskane, så mykje dei ville ha.
12. Då dei var mette, sa han til læresveinane: «Sanka i hop dei stykka som er att, så ingen ting går til spille.»
13. Dei så gjorde og fylte tolv korger med stykke som var att av dei fem byggbrøda, etter at alle hadde ete.
14. Då folket såg det teiknet Jesus hadde gjort, sa dei: «Dette er sanneleg profeten som skal koma til verda!»
15. Jesus skjøna at dei ville koma og ta han med makt og gjera han til konge. Difor drog han seg unna og gjekk opp i fjellet att, han åleine.
16. Då det vart kveld, kom læresveinane ned til sjøen.
17. Dei gjekk ut i ein båt og ville fara over til Kapernaum. Det hadde alt vorte mørkt, og Jesus var endå ikkje komen til dei.
18. Sjøen gjekk høg, for det bles hardt.
19. Då dei hadde rott tjuefem eller tretti stadier, såg dei Jesus koma gåande på vatnet og nærma seg båten, og dei vart redde.
20. Men Jesus sa til dei: «Det er eg. Ver ikkje redde!»
21. Då lét dei han koma opp i båten, og straks var båten innmed land der dei skulle leggja til.
22. Dagen etter stod det endå mange menneske att på hi sida av sjøen. Dei hadde sett at det var berre ein båt der, og at Jesus ikkje gjekk i båten saman med læresveinane; dei hadde fare av stad åleine.