Johannes 6:30-48 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

30. «Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?» spurde dei. «Kva kan du gjera?

31. Fedrane våre åt manna i øydemarka, som skrive står: Brød frå himmelen gav han dei å eta.»

32. Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen.

33. Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.»

34. Då sa dei: «Herre, gjev oss alltid det brødet!»

35. Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta.

36. Men eg har sagt dykk: Endå de har sett meg, trur de ikkje.

37. Alle dei som Faderen gjev meg, kjem til meg; og den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort.

38. For eg er ikkje komen ned frå himmelen for å gjera det eg sjølv vil, men det han vil, som sende meg.

39. Og det er hans vilje som sende meg, at eg ikkje skal missa nokon av alle dei han har gjeve meg, men reisa dei opp på den siste dagen.

40. For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.»

41. Jødane murra mot han fordi han sa: «Eg er brødet som kjem ned frå himmelen.»

42. Og dei spurde: «Er ikkje dette Jesus, son til Josef? Vi kjenner då både far hans og mor hans. Korleis kan han seia at han er komen ned frå himmelen?»

43. Jesus svara: «Hald opp med denne murringa!

44. Ingen kan koma til meg utan at Faderen som sende meg, dreg han; og eg skal reisa han opp på den siste dagen.

45. Det står skrive hjå profetane: Alle skal vera opplærte av Gud. Kvar den som høyrer på Faderen og lærer av han, kjem til meg.

46. Eg seier ikkje at nokon har sett Faderen; berre han som er frå Gud, har sett Faderen.

47. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur, har evig liv.

48. Eg er livsens brød.

Johannes 6