Johannes 4:41-54 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

41. Og mange fleire trudde då dei fekk høyra hans eige ord,

42. og dei sa til kvinna: «No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa; for vi har sjølve høyrt han, og vi veit for visst at han er den som skal frelsa verda.»

43. Då dei to dagane var lidne, tok Jesus ut derifrå og fór til Galilea.

44. Han hadde sjølv sagt at ein profet ikkje vert æra på sin eigen heimstad.

45. Då han kom til Galilea, tok folket der vel imot han, for dei hadde sett alt det han gjorde i Jerusalem på høgtida. Dei hadde vore på høgtida, dei òg.

46. Så kom Jesus atter til Kana i Galilea, der han hadde gjort vatn til vin. I Kapernaum var det ein kongeleg embetsmann, og han hadde ein son som var sjuk.

47. Då han fekk høyra at Jesus var komen frå Judea til Galilea, gjekk han av stad og bad han koma ned og lækja son hans, for det stod om livet.

48. Jesus svara: «Ser de ikkje teikn og under, så trur de ikkje.»

49. Mannen seier til han: «Kom, Herre, før guten min døyr!»

50. Jesus seier til han: «Gå heim, son din lever!» Og mannen trudde Jesu ord og gjekk.

51. Medan han var på heimvegen, kom tenarane imot han, og dei fortalde at guten hans levde.

52. Han spurde dei kva tid det hadde vorte betre med han. Dei sa: «I går i den sjuande timen gav feberen seg.»

53. Då skjøna faren at det hadde hendt i same stund som Jesus sa til han: «Son din lever.» Og dei trudde, både han og heile huslyden hans.

54. Dette var andre teiknet Jesus gjorde då han kom frå Judea til Galilea.

Johannes 4