Johannes 4:28-38 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. Då lét kvinna vasskrukka stå og gjekk inn i byen og sa til folket:

29. «Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Han skulle vel ikkje vera Messias?»

30. Då gjekk dei ut or byen og kom til han.

31. I mellomtida sa læresveinane til Jesus: «Et, rabbi!»

32. Han svara: «Eg har ein mat å eta som de ikkje veit om.»

33. Då sa læresveinane seg imellom: «Kan nokon ha bore mat til han?»

34. Men Jesus sa til dei: «Min mat er å gjera det han vil som sende meg, og å fullføra hans verk.

35. Seier de ikkje: Enno er det fire månader til grøda skal haustast inn? Men eg seier dykk: Lyft augo og sjå åkrane, korleis dei gulnar mot hausten!

36. Den som haustar, får løn og samlar grøde for det evige livet, så den som sår og den som haustar, kan gleda seg saman.

37. Her høver det ordet: Ein sår og ein annan haustar.

38. Eg har sendt dykk ut for å hausta det de ikkje har arbeidt med. Andre har arbeidt, og de har gått inn i arbeidet deira.»

Johannes 4