Johannes 4:22-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane.

23. Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha.

24. Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.»

25. Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem,» – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han kunngjera oss alt.»

26. Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som talar med deg.»

27. I det same kom læresveinane hans. Dei undra seg over at han tala med ei kvinne. Men ingen av dei spurde kva han ville, eller kvifor han tala med henne.

28. Då lét kvinna vasskrukka stå og gjekk inn i byen og sa til folket:

29. «Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Han skulle vel ikkje vera Messias?»

30. Då gjekk dei ut or byen og kom til han.

31. I mellomtida sa læresveinane til Jesus: «Et, rabbi!»

32. Han svara: «Eg har ein mat å eta som de ikkje veit om.»

Johannes 4