Johannes 3:17-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.

18. Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son.

19. Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde.

20. For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen.

21. Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»

22. Sidan fór Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte.

23. Johannes døypte, han òg, i Ainon ved Salim; for det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa.

24. Dette var før Johannes vart kasta i fengsel.

25. No vart det eit ordskifte mellom læresveinane til Johannes og ein jøde om reinsinga.

26. Læresveinane kom til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på hi sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.»

27. Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen.

28. De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han.

29. Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål.

30. Han skal veksa, eg skal minka.

31. Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle.

Johannes 3